Torsdag

Sosial samankomst

Vi samlast til ein uformell kveld i Grendahuset. Det blir vår faste møtestad torsdag, fredag og sundag. På torsdagen blir det servert wienerpølser. Ta med det du vil ha å drikke. Meir info kjem.

Fredag

Sosial samankomst

Vi held fram med samling i Grendahuset. Kom innom for ein prat og noko i glaset før laurdagen. På fredagen blir det servert kjøtsuppe. Ta med det du vil ha å drikke.

Laurdag

Vigsel

Vigsla finn stad i Ervik kyrkje. Vi deler tidspunkt og praktisk informasjon når dagen nærmar seg.

location_on Ervik kyrkje

Bryllaupsmiddag

Vi samlast til bryllaupsmiddag på Stad hotell. Det blir ein trerettars meny med lokale råvarer, og resten av detaljane kjem når alt er klart.

location_on Stad hotell

Fest og dans

Etter middagen held vi fram med fest og dans på hotellet, så lenge stemninga varer.

Sundag

Etterpålag

Vi samlast i Grendahuset til eit uformelt etterpålag med kaker (og kanskje pølser?). Meir info kjem, men hald av formiddagen førebels!