Reise hit

Det enklaste er å kome med bil. Turen er fin, og den siste biten ut mot kysten er ein del av opplevinga.

Med bil

Køyretid til Stadlandet: Oslo: 8–9 timar | Bergen: 5 timar | Florø: 3 timar

Med buss

Det er mogleg å ta Vy-buss til for eksempel Nordfjordeid.

Med fly

Det er mogleg å fly til dei mindre flyplassane på Sandane (med Widerøe, ca. 2 timar unna) eller Florø (med DAT, ca. 3 timar unna), eller dei større flyplassene Ålesund (Vigra, ca. 3 timar unna) og Bergen (Flesland, ca. 5 timar unna).

Samkøyring

Kjem de fleire frå same område, går det jo an å samkøyre. Ta gjerne kontakt med andre gjester frå gjestelista eller brudeparet om de vil koordinere.

Vêr og klede

Vêret på Stad i mai kan skifte fort, så ver førebudd på alt. Ta med både badebukse og regntøy. Om du vil nyte den vakre naturen på Stad, tilrår vi òg å ta med klede og sko du er komfortabel med å gå tur i.

Spørsmål & Svar

Ofte stilte spørsmål

Kor mange lag ull treng man? expand_more
Alt frå bikini til tre lag.
Har dei butikkar på Stadlandet? expand_more
Ja, ein Bunnpris :) og ein frisør.
Vil det vere varmt der festen skal vere? expand_more
Ja, med 100+ gjestar blir det nok HEITT, men ta med ei strikkejakke om du vil ut og lufte deg litt innimellom.
Blir det vestlandskakebord? expand_more
Sjølvsagt.
Er det vinmonopol på Stad? expand_more
Nei! Nærmaste er Nordfjordeid.